Om oss
Om Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete
Formidle vikinghistorie, vikingkultur og vår nasjonale vikingarv.

Kongstanken!
Målet med foreningen Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete er å formidle historia, kulturen og bygda gjennom å byggje eit langhus etter gamal tradisjon, på sikt utvide med fleire bygningar , verkstad, naust og båtar på Leira sentralt i bygda. Slik kan ein kan nyte vakker natur, lære og oppleve vikinghistorie og vikingkultur.


Vi hyllar dei frivillige eldsjelene som har vert med og bygd dette fram frå grunnen av.
Slaget ved Hjørungavåg
I Hjørungavåg for 1040 år sidan samla Håkon Ladejarl for fyrste gong ein leidang for å forsvare Noreg frå Jomsvikingvald. Berre 3 slag er skildra frå time til time av Snorre Sturlason. Slaga ved Hjørungavåg, Hafrsfjord og Stiklestad er såleis unike i Norsk vikinghistorie.
Hǫðr Hjørungavåg vikingsete er oppretta for å føre vidare arv og historie etter slaget, for å ære våre forfedre og for å lære komande generasjonar og tilreisande om vikingane som budde i dette området for over tusen år sidan. Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete skal vere gratis og opent for alle, det skal ikkje leggjast til rette for næringsverksemd utanom utleige og visning til inntekt for laget.
Huset og området kan huse kulturmøte, konsertar og ulike arrangement og skal driftast og utviklast av styret som vert valt på årsmøtet i foreininga Hòdr Hjørungavåg Vikingsete.
Slaget ved Hjørungavåg var eitt av dei avgjerande slaga i norgeshistoria. Ved gravølet etter Harald Blåtann i Danmark kappast jomsvikingar og danar om bragelovnadar. Vagn Åkeson, Bue Digre og Sigvalde Jarl var del av gravølet og var frykta vikingar på denne tida. Sigvalde lova å drepe Håkon Ladejarl eller jage han ut av landet. Dette avdi Håkon hadde vanæra Harald Blåtann og ikkje innordnar seg makta i Danmark.

Våren 986 sette jomsvikingane kursen oppetter langs norskekysten, rana og drap på sin veg mot Håkon Jarl. Ein lendmann frå Jæren greidde overleve plyndring og drap og fekk varsle Håkon om hæren som var på veg. For fyrste gong i historia vert det samla ein «leidang» til forsvar av landet.
Dei to hærane møttes i Hjørungavåg. Fyrst hadde jomsvikingane framgong, men etter at jarlen ofra sin 7 år gamle son Erling til Torgjerd Holgabrud (mytisk kvinneleg vesen) snudde krigslukka. Eit haglskur kom innover vågen og Eirik Jarl fekk rydda mange skip. Jomsvikingane vart drepne, drivne på flukt eller tatt til fange. Bue Digre tok to kister med gull og hoppa over bord og ned i djupet. 30 fangar vart sett på avrettarstokken av Håkon Ladejarl og mange laut late livet. Håkon sin son Eirik Jarl greip inn i avrettinga og gav grid til mange av dei.
I Snorre sin saga er Hjørungavågslaget avgjerande for at danskekongen trakk seg tilbake frå Noreg. Norsk sjølvstende var sikra.
Om Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete


Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete vart grunnlagt i 2017 av ei gruppe engasjerte vener som ønskte å skape eit levande og autentisk vikingmiljø i Hjørungavåg. Bygda har ei rik vikinghistorie, med slaget ved Hjørungavåg i år 986 som eit sentralt bakteppe, og vi ønskte å løfte denne arva fram i lyset.
Målet vårt var – og er framleis – å gi både lokalbefolkninga og tilreisande ei oppleving av vikingtida slik ho kan ha vore. Gjennom tradisjonelle aktivitetar, handverk, forteljingar og levande formidling vil vi bringe historia nærare, slik at ho kan kjennast, luktast og opplevast.
