Kulturarvsbrygging av kornøl i vikinghuset.

14.03.2026

6.Juni 2026 Kl 11.00.   Billettar på Tikkio, følg med! (klikk på teksta over for meir info)


Frå kl 1100 til 1930 om kvelden.
Pris heile dagen og invitasjon til lukka lag, pris kjem straks.

Tradisjonsbrygging 

I fleire tusen år har ein bryggja øl på gardane. Kanskje heilt sidan jordbrukets start. Ølet har vore ein tradisjon som ein har ført vidare heilt sidan Vikingtida, og kanskje lenger. Kulturarvsbrygging i Vikinghuset vert arrangert av Hodr Hjørungavåg Vikingsete, og dei har med seg Bjørn Vegard Bjåstad og Arve Eiken Nytun som skal demonstrer korleis ein bryggja øl i gamledagar. I tillegg vil det bli foredrag om øl i vikingtid og om tradisjonsbryggjing og korleis den har fregått.


Sett av ein heil dag.
PROGRAM (Tentativt)
Kulturarvsbrygging i Vikinghuset


6.Juni 2026
______________________________________
11:00– Velkomst
Kort introduksjon til dagen og kulturarvsbrygging
______________________________________
Tradisjonsbrygginga på Sunnmøre - Bryggeutstyret og ingrediensar
Bjørn Vegard Bjåstad og Arve Eiken Nytun
______________________________________
Mesking
Sjå korleis ein meskar maltet og einerlogen
______________________________________
Foredrag
Arkeolog Arve Eiken Nytun:
Øl i vikingtida – kultur, teknologi og historie.
______________________________________
Tapping av vørter + skylling
______________________________________
Start av koking av kokeølet + humletilsetjing
______________________________________
Foredrag
Arve Eiken Nytun og Bjørn Vegard Bjåstad:
Kveik og sunnmørsk kulturarvsbrygging – historie, eigenskapar og jakta på gamle kveikstammar.
Korleis smaker kulturarvsøl – og kva gjer det unikt?
______________________________________
Kjøling + tilsetjing av kveik
______________________________________
1930 - Avslutning
Oppsummering
19:40 – 02:00 Oppskåke!
Eige lukka lag

Kveikkrans

– Ingen andre nordiske land har kveik

Ølet er ulikt moderne øltyper då det både inneheld einer og oftast vert brygga over open eld i koparkjele, i eldhus. Tradisjonelt blei ølet servert utan kolsyre i ølkjenge, eit drikkekar med hankar dekorert med hestehovud.
Det som gjer heimebrygget heilt unikt er kveiken. Kveik er ein ølgjær som har vore brukt på gardane, og som har blitt overlevert frå genereasjon til generasjon. No viser moderne DNA-analyse at kveiken er ein unik grein på slektstreet til alle ølgjær i verda.

I dag er det berre eit mindre tal gardar på Vestlandet – frå Hardanger til Sunnmøre – som framleis bryggjer øl med eigen kveik.


Share