Aktivitetar
Flott lokale for enhver anledning



Veksted
Hodr ønsker å utvikle tunet videre og har satt igang prosessen med etablering av eit Verksted.
Kulturmøter
Hodr ønskjer og ser føre seg at vi kan bli eit samlingspunkt for konsertar, føredrag og andre kulturopplevingar
04-06 September. Viking marknad, sal av mat og viking gjenstandar leik og moro for unge og vaksne
Her møter du vikingar, handelsmenn og håntverkarar. Sjå meir under arrangement.
Viking aften/Medlemskveld.
Lukka lag for medlammar og intresserte. Grilling mm. Følg med på Facebook og informasjon her!
Kulturarvsbrygging av kornøl i vikinghuset.
Her blir det lagt ut meir informasjon når det nermar seg! Sjå meir under Arrangement.
I fleire tusen år har det vore bryggja øl på norske gardar, kanskje heilt sidan jordbruket vart etablert. Ølbrygging har lange tradisjonar og har vore ein viktig del av kulturarven vår sidan vikingtida – og kanskje endå lenger tilbake.
Hodr Hjørungavåg har arrangert ein prøvebryggingskveld med kulturarvsbrygging i Vikinghuset, og vi arbeider med planar om nye arrangement. Målet er å løfte fram gamle bryggjetradisjonar og gi fleire høve til å oppleve og lære om denne viktige delen av kulturhistoria vår.
Utleige
Vi leiger ut Langhuset til både private lag og bedrifter. I den stemningsfulle gildehallen er det sitjeplass til om lag 80 personar. Moderne sanitærbygg, inkludert tilrettelegging for rørslehemma, følgjer med i leiga.
Sjølv om Hodr ikkje har eige kjøkken, samarbeider vi med Kokkn Roll og Årvak Museum i Brandal for å tilby førsteklasses catering.
Enten du planlegg bryllaup, konfirmasjon, firmafest, teambuilding med øksekasting, bursdagsfeiring, konferanse, klubbkveld eller ei musikkframsyning, er du velkomen til å ta kontakt for ein hyggeleg prat – eller gå direkte til bestilling.
Døme på vikingaktivitetar på Hǫðr
1. Vikingopplevingar
Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete har som mål og arrangere årlig vikingmarknad på leira. Informasjon om dette kjem fortløpande her og på Facebook sida.
2. Seil eller ro vikingskip
Følg med her! – Vikingskipet Embla ble tatt over av Hǫðr i Mai 2026. Vi skal halde det vedlike og vidareføre hostoria om henne.
3. Øksekasting
Blink er satt opp på oppsida av vikinghuset, økser er kjøpt inn.
4. Hesteriding for born
Følg med – meir informasjon blir lagt ut fortløpande

