Kulturarvsbrygging av kornøl i vikinghuset.

14.03.2026

 klikk på denne teksta for meir informasjon


Følg med på facebook og her på heimesida for meir informasjon

Tradisjonsbrygging 

I fleire tusen år har ein bryggja øl på gardane, kanskje heilt sidan jordbruket tok til. Ølbrygginga har vore ein tradisjon som har blitt ført vidare gjennom generasjonar, heilt frå vikingtida – og kanskje endå lenger tilbake.

Kulturarvsbrygging i Vikinghuset er eit arrangement i regi av Hodr Hjørungavåg Vikingsete, der vi ønskjer å ta vare på og levandegjere denne gamle tradisjonen.

Gjennom brygging, forteljingar og praktisk arbeid får deltakarane eit innblikk i korleis øl kan ha blitt bryggja på gardane i eldre tider, og kva rolle ølet hadde i det norrøne samfunnet.

Målet er å løfte fram kunnskapen, handverket og kulturarven rundt det tradisjonelle ølbryggjet – og gje nytt liv til ein tradisjon som har vore ein viktig del av norsk gardshistorie i tusenvis av år.


Sett av ein heil dag.
PROGRAM (Tentativt)
Kulturarvsbrygging i Vikinghuset

Her kjem det meir informasjon etter kvart.

Programmet nedanfor er berre eit døme på korleis vi ser for oss ein bryggekveld i langhuset.

______________________________________
11:00– Velkomst
Kort introduksjon til dagen og kulturarvsbrygging
______________________________________
Tradisjonsbrygginga på Sunnmøre - Bryggeutstyret og ingrediensar

______________________________________
Mesking
Sjå korleis ein meskar maltet og einerlogen
______________________________________
Foredrag

Øl i vikingtida – kultur, teknologi og historie.
______________________________________
Tapping av vørter + skylling
______________________________________
Start av koking av kokeølet + humletilsetjing
______________________________________
Foredrag

Kveik og sunnmørsk kulturarvsbrygging – historie, eigenskapar og jakta på gamle kveikstammar.
Korleis smaker kulturarvsøl – og kva gjer det unikt?
______________________________________
Kjøling + tilsetjing av kveik
______________________________________
1930 - Avslutning



Kveikkrans

– Ingen andre nordiske land har kveik

Ølet er ulikt moderne øltyper då det både inneheld einer og oftast vert brygga over open eld i koparkjele, i eldhus. Tradisjonelt blei ølet servert utan kolsyre i ølkjenge, eit drikkekar med hankar dekorert med hestehovud.
Det som gjer heimebrygget heilt unikt er kveiken. Kveik er ein ølgjær som har vore brukt på gardane, og som har blitt overlevert frå genereasjon til generasjon. No viser moderne DNA-analyse at kveiken er ein unik grein på slektstreet til alle ølgjær i verda.

I dag er det berre eit mindre tal gardar på Vestlandet – frå Hardanger til Sunnmøre – som framleis bryggjer øl med eigen kveik.


Share